Aktuelt

Velg en emneknagg for å velge hvilken type nyheter du vil se.

Alle Nyheter Statistikk Prognose Spalte i Bondebladet Lagerbeholdning Sesongberetning frukt Landbruksdirektoratet

Avlingsprognose potet 2013

av Bjørn Eidhammer

Prognose 2013

Det er som i tidlegare år utført graveprøvar i potet i siste veka i august. Arbeidet er utført av rådgjevingstenesta i potetdistrikta. Halvor Alm, fagsjef ved Hoff, har utarbeidd rapporten slik som han har gjort tidlegare år.

Rapporten ligg vedlagt, og her følgjer berre hovudtrekkene når det gjeld utsikter for kvantum og kvalitet for kommande haust og vinter:

 

Ut frå avlingsprognosa  kan ein vente 5 % lågare avling i år samanlika med i fjor.
Samanlikna med gjennomsnittet for 2002-2012 kan ein vente ca. 10 % lågare avlingsmengde denne sesongen.

Alt ovenstående under forutsetning av at det er satt omtrent likt areal i 2013 som i 2012.

 

I Nord Trøndelag er avlingsnivået lågare enn i fjor, og omtrent på gjennomsnittet med  tidlegare år. Knollstorleiken er jamnt fordelt og på nivå med fjoråret. Den ytre matkvaliteten er noko høgare enn ifjor, og det er vekstsprekker og missforma poteter som drar kvaliteten ned.
 

På Jæren er avlingsnivået 500 kg pr dekar mindre enn i fjor på same tid. Knollfordelinga viser at det er noko meir små knollar og noko mindre store knollar. Den ytre matkvaliteten er god, men det blir meldt om ein del stengelråte og blautråte på knollane.

 

I Solør/Odal- distriktet ligg avlingsnivået på omtrent same nivå som ifjor. Knollfordelinga er nokså lik som ifjor. Den ytre matkvaliteten er lågare, og det blir rapportert om ein god del skurv som den største kvalitetsfeilen.

 

I Mjøs området er avlingsnivået omtrent som ifjor, og i det nedre sjiktet av alle føregåande år. Knollfordelinga er omtrent som ifjor, og det er mykje små knollar endå. Den ytre matpotetkvaliteten er noko høgare enn i fjor, og det er først og fremst svakt skall, vekstsprekk og missforma potet som drar kvaliteten ned.

 

I Oslofjordområdet ligg avlingsnivået lågare enn i fjor, og lågare enn gjennomsnittet for alle føregåande år. Knollfordelinga viser at det er mykje små knollar, og desse treng meir veksttid for å utvikle seg. Den ytre matkvaliteten er høg, og det er skurv, missforma potet og vekstsprekker som drar kvaliteten noko ned.

 

I Troms er avlingsnivået det høgaste som er registrert. Det er også veldig mange store knollar noko som tyder på god utvikling av mogne knollar. Den ytre matkvaliteten er som vanleg god.

Prognose-2013.pdf

Fruktprognose pr 1. august 2013

av Bjørn Eidhammer

Avlingsprognosen for 1. august viser at det kan gå mot eit godt avlingsår for søtkirsebær og plomme, medan det er venta ei middels avling av eple. For pære er det eit dårleg avlingsår i 2013.

Avlingsprognose frukt pr 1. august 2013

Avlingsprognose-frukt-pr-1.-august-2013.doc