Betydeleg billegare importpoteter så langt i 2012 samanlikna med ifjor.
Etter det dårlege avlingsåret for potet ifjor, måtte ein venta ein auke i importen av potet for å dekka marknaden. Den gjennomsnittlege prisen på import i 2012, har vor kr 3,06 mot kr 4,70 den same perioden ifjor. Så langt iår, har det blitt importert omtrent dobbelt så mykje som ifjor – 29000 tonn iår mot ca 14000 ifjor. Det er spesielt billegare typer av poteter frå Danmark, Sverige, Finnland og Tyskland som har auka. Ein stor del av dette er mest sannsynleg for å dekke opp behovet for potet til skrelling og andre industrityper, men også vanleg konsumpotet. Sjå vedlagte oversikter for meir info.
Potetimport 2012- månedsvis – fordeling på land
Potet, import og norsk produksjon pr 1. mai 2012