Stor auke i import av jordbær
Det har vore ein sterk auke i import av jordbær det siste året. Det vart i 2011 importert 7 510 tonn jordbær noko som er ein auke på vel 30 % frå 2010. Og auken held fram i 2012. Så langt er det dei fire første månadene i år ein auke frå 1 281 tonn til 2 232 tonn.
At forbruket av jordbær aukar, er positivt for norske jordbærprodusentar. Det gir grunnlag for å auke den norske produksjonen. I 2011 vart den norske produksjonen delvis øydelagt av dårleg ver. Og nattefrosten som me har hatt i vår, er heller ikkje positiv for den norske jordbærproduksjonen. Me kan likevel håpe på at det dårlege veret snart over for denne sesongen, og at me dermed kan få ein jordbærsesong med masse friske og gode jordbær på marknaden.
Jordbær – pr 1. mai 2012,månedsvis import fordelt på land og tollnummer