
Norske bær på veg til butikkane
Innlegg v/Bjørn Eidhammer:
Etter ein kald vinter og vår som har forsinka utviklinga av bær, er dei første jordbæra nå på veg til marknaden. Men toppsessong blir det først frå ca 10. juli og utover. Bringebæra har også blitt forsinka i høve til det normale og sesongen startar for fullt frå ca 20. juli og utover. Den kalde vinteren har ført til ein del overvintringsskade både i jordbær og bringebær. Det medfører i verste fall at avlinga dette året ikkje blir noko toppavling. Men med godt vær vidare utover sommaren, kan det likevel bli brukbare tilførsler.
Sjå vedlegg for norsk produksjon og import i 2012
2012-jordbaer-og-bringebaer-til-konsum-import-og-norsk1